onsdag 27. januar 2010

Spanskmas

Det gjekk ikkje so lang tid før eg blei lei av spansken nei.. Alle på casaen får ein lærar for seg sjølv eit par tima for dagen, og det seie seg sjøl at ein ikkje kan snike seg unna når det berre e en person i klassa. Læraren har null forståelse for at ein må fordøye ny informasjon og eg har null forståelse for at læraren berre hasta vidare til neste tema so fort som mulig. Ka lære ein av det liksom?! Ingenting i mitt tilfelle. Mulig eg har lært meir enn eg trur, men akkurat no e situasjonen litt håplaus. Ka skjer med at vi lese en tekst uten å oversette?! Aaaargh. Lure på ka læraren min hadde sagt viss eg skulle lære ho norsk uten å forklare ka det e ho egentlig sitte å seie. Frustrasjoooon. Ellers går det i spansk og barneheim kvar vekedag. Mulig vi ska en tur på djeveltanna i helga for deretter å stikke på spa, det blir kanonbra :) Oooog eg har ete and for første gang i mitt liv, og det va driiitgodt og ekstremt billig. Hah! Dessert og to øl inkludert kosta berre litt over hundrelappen. Leve et luksuliv uten like med tanke på foret her nede. Men e selvfølgelig ikkje alltid vi ete ute. I dag ska eg lage min egen versjon av pytt i panne med egg, ikkje so fancy, men det duge for en nordmann.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar