mandag 8. februar 2010

Blitz

I natt våkna eg av ei vanvittig blinking på rommet. Det viste seg at det lyna nåke voldsomt ute. Og når eg seie voldsomt so meina eg ekstremt. I ein halvtime kunne rommet mitt minne om eit diskotek, så då fekk eg selvfølgelig ikkje til å sovne igjen. Og når eg til slutt sovna blei eg plaga av drømma om dommedag og lynkuler. Det va festlig! Veit ikkje om andre plassa det lyna meir enn i La Paz. Nesten kvar dag har vi ei torebyge. Regn e kjekt, lyn og torden e ikkje so kjekt. I allefall ikkje for Silje, som helde på å få hjerteinfarkt kvar gong det braka litt :) Kjekk underholdning for oss andre. Heldigvis hadde spansktimen blitt utsatt tre kvarter, så eg kunne sove litt lenger enn normalt.

Ellers har vi vore i Månedalen. Viss det e sånn det ser ut på månen, so ekje det nåke å trakte etter. Va veldig fint og kjekt og sånn, men un poco einsformig. Ekje dit eg ville flykta om jorda tar kvelden. Oooog vi har spelt poker. E dritlenge sida eg har spelt, so det va på tide kan man si. No e det snart på tide å løfte på rumpa og kare seg avgårde til barneheimen.

tirsdag 2. februar 2010

Slappfisk

I litt over ei veke no har eg vore konstant dautrøtt. Eg skylda på mannen i gata som blese i fløyta si kvart kvarter. Eller på dei enorme mengdene laushundar som kommunisera på en særs høglydt måte heeeeile natta gjennom. Vurdera å gå til innkjøp av dotta å ha i øyra, sjølvom det e fryktelig ubehagelig. Dette med søvnen har desverre lite heldige virkninga på mine arbeidsoppgåver om dagen. Stakkar ungane på barneheimen får berre besøk av en voluntør som helde på å sovne ståande i staden for å leike med dei. I går sto eg berre å skubba unga på dissene, men til og med det holdt på å ta knekken på meg. Situasjonen blir ikkje beire av at eg har kjøpt to sesonga av House og e blitt hypokonder i tillegg :)

Ellers e det nokon som har funne vegen inn på kontoen min og naska til seg ett par tusen. Dette har eg, og litt banken, fiksa. Kortet e sperra og takka vere at eg e so flink å miste kort når eg e ute på byen, har eg ett anna kort i bakhand eg kan bruke som går på samme konto! Hurra for det :D