fredag 29. januar 2010

:)

I går va heile gjengen ute og åt middag i San Miguel. Det va veldig kjekt, men det kjekkaste skjedde ette middagen. Bestemte oss for å traske ut på dessertjakt, men før vi kom så langt snubla vi over ei danseøving til karnevalet! Dei hadde øving ute på ei slags fotballbane med tribune, so vi satte oss like godt på tribuna og såg på. Det va dritkult! Vi fant ut at den tradisjonelle dansen sikkert va en slags kurtiseringsdans før i tida, der mannfolka dansa i flokk på den eine sida og damene gjer seg lekre på den andre sida. Det va seriøst nåke av det mest sexy eg har sett ever, slår Dirty Dancing anytime. Mannfolk som dansa, og som kan å danse selvfølgelig, e ekstremt kjekt. So vi blei sittande der å glo til dei va ferdige med øvinga, med litt dansekrampe i beina sjølv. :D

Ellers har det regna unormalt mykje denne mnd. Regn e jo berre kjekt for meg, men det ekje so kjekt for andre. Spansklæraren min fortalte meg i timen i dag at det hadde gått ras nokon kvartal bortanfor der vi bur i forgårs. 70 hus hadde blitt øydelagt og 500 søve no i telt. Merkelig at vi ikkje har fått med oss det egentlig, men når sant ska seiast so leve vi i ei lita boble for oss sjølv på ein måte. I kveld ska vi i kirka på konsert for Haiti, men det kan like gjerne vere for dei som har mista alt dei eige i La Paz.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar