mandag 8. februar 2010

Blitz

I natt våkna eg av ei vanvittig blinking på rommet. Det viste seg at det lyna nåke voldsomt ute. Og når eg seie voldsomt so meina eg ekstremt. I ein halvtime kunne rommet mitt minne om eit diskotek, så då fekk eg selvfølgelig ikkje til å sovne igjen. Og når eg til slutt sovna blei eg plaga av drømma om dommedag og lynkuler. Det va festlig! Veit ikkje om andre plassa det lyna meir enn i La Paz. Nesten kvar dag har vi ei torebyge. Regn e kjekt, lyn og torden e ikkje so kjekt. I allefall ikkje for Silje, som helde på å få hjerteinfarkt kvar gong det braka litt :) Kjekk underholdning for oss andre. Heldigvis hadde spansktimen blitt utsatt tre kvarter, så eg kunne sove litt lenger enn normalt.

Ellers har vi vore i Månedalen. Viss det e sånn det ser ut på månen, so ekje det nåke å trakte etter. Va veldig fint og kjekt og sånn, men un poco einsformig. Ekje dit eg ville flykta om jorda tar kvelden. Oooog vi har spelt poker. E dritlenge sida eg har spelt, so det va på tide kan man si. No e det snart på tide å løfte på rumpa og kare seg avgårde til barneheimen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar