søndag 24. januar 2010

Tawanaku og diverse

I helga har heile gjengen vore ein tur i Tawanaku på kulturferd. Det vart mykje det samme som då eg va på Machu Picchu, masse skulptura og greier. Men det va og like interessant :) Dei hadde en mykje meir nøyaktig kalender enn vi har i dag, noko som er rimeleg imponerande. Og alt dei bygde med matematisk presisjon ekje mindre imponerande! Så heile laurdagen gjekk med til dette. Dagen i dag er ein ganske spesiell dag i Bolivia. Ein kan kjøpe små miniatyrfigurar som skal bringe lykke i det komande året. Om ein vil bli rik kan ein kjøpe små pengesedlar og vil ein ha hell og lykke kjøpe ein ein liten frosk. Om ein vil ha kjæreste kjøpe enn ein hane eller ei høne for gutar, men ein kan ikkje kjøpe til seg sjølv. Ein må få nokon andre til å kjøpe. Eg fekk ein veldig fin hane av Silje, og selgaren garanterte at eg skulle møte ein høg, lys mann i løpet av året :p Ekje veldig optimistisk, men vi får sjå kor det går. Legger ut nokon bilde frå dødsvegen og Tiwanaku. Fantaaaastisk natur :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar