tirsdag 19. januar 2010

Eit lite steg for bloggverda, eit stort steg for meg.

Jadda... Då vart det blogg på meg og. Mest fordi at det e so forferdelig populært på Casaen, men og for å sleppe å oppdatere gud og kvarmann på facen.

Livet i La Paz so langt har vært veldig bra og ganske tettpakka. Derfor legge vi oss og står opp tidleg. Det med å legge seg tidleg e forsovidt greit, for eg lika å sove. Det med å stå opp tidleg e grusomt av samme grunn. Ekje so kult å stå opp og vite at du står opp for å ha fire tima med spansk der konsentrasjon e påbudt. Heller ikkje so kult når læraren konsekvent kalla meg for Annelis i stadenfor Annelin fordi ho syns Annelis e et myyyykje finare navn. Eller at ho e sooo skuffa over meg fordi eg snusa og ikkje har plana om å slutte med det før eg e tom. Men når det e sagt so e det jo selvfølgelig veldig kjekt å få lære spansk i eit spansktalande land!

I går va eg på sykkeltur på "dødsvegen". Grådig fin tur va det. Handflatene mine (!) e hovne og ømme ette å ha klamra meg fast til styret på sykkelen under heile turen. Vi møtte faktisk bila på veg nedover, nåke eg syns e heilt utrulig med tanke på kor lett det e for en bil å trille utfor kanten i møte med andre bila. Sidan vegen vart opna igjen har ca 2000 daua. 8 av dei va syklista som ante fred og ingen fare. Yaiks! Vi endte turen på en restaurant i lavlandet som såg ut til å servere mat til omtrent alle som sykla. Der va det mykje mygg, men det merka vi ikkje før vi kom heim. Har fullt i myggstikk på både armar og bein, men det e greit, e kjekt å klø når det klør. Legge ut bilde av turen når eg får tid.

Ciao ciao.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar